Vinteren 2017 trossa 10 staute menn vêr, vind og det faktum at #bergensbanen hadde stått klar sida 1909, og reiste i #Nansen sine fotspor frå Bergen til Voss. I 1884 (når Bergensbana endå ikkje var bygd) gjekk Fridtjof Nansen frå Bergen til Oslo og attende, for å delta i #skirenn. Her vart han berre nummer 9, noko som kan ha leia han inn på tanken om å droppe konkurransekjøret og heller verte polfarar, diplomat, vitskapsmann og #nasjonalhelt. Eit fantastisk karriereval, og ei lukke for både Fridtjof og Noreg. Sjå video frå Harding ekspedisjonen her: https://www.youtube.com/watch?v=8Sn3B_KmBrQ